For skuleåret 2026--2027 kan det bli ledig ei mellombels lærarstilling på inntil 100 %, med moglegheit for fast tilsetting.
Loar skule ligg midt i den idylliske nasjonalparklandsbyen Lom, rett under Lomseggen. Skulen har eit allsidig og godt tilrettelagt uteområde, som saman med nærmiljøet og naturen rundt, gjev svært gode rammer for variert og aktiv læring -- både inne og ute.
Loar skule kan vise til gode resultat når det gjeld både trivsel og læringsutbytte. Vi arbeider systematisk og målretta med skulemiljø, og legg stor vekt på eit godt skule--heim-samarbeid. Skulen har 1:1 digitale einingar for alle elevar og tilsette.
I utviklingsarbeidet vårt er Oppvekstreforma og Kompetanseløftet for spesialundervisning og inkluderande praksis , med prinsippet om laget rundt barnet, sentrale føringar. Vi søker etter lærarar som ønskjer å vere med og vidareutvikle Lomsskulen i tråd med dette arbeidet.
Vi ønskjer ein skule med aktive elevar -- i ei vid tyding av omgrepet. Ein skule som er ein trygg stad, med tilfredse, engasjerte og medvitne elevar som deltek aktivt i eiga læring. Gjennom variert undervisning og elevmedverknad vil vi utvikle elevar som er nysgjerrige, kritiske og reflekterte, og som stadig byggjer kompetanse om korleis dei lærer best.
Tilpassa opplæring står sentralt, og vi legg vekt på undervisningsopplegg som gjev elevane reelle valmoglegheiter ut frå eigne ferdigheiter og kompetanse.
Vi søkjer deg som:
er engasjert, omgjengeleg og fagleg oppdatert
ser og tek omsyn til den enkelte elev
er trygg i klasseleiing og tydeleg i kommunikasjonen
er god til å bygge relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
er opptatt av elevmedverknad i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
reflekterer over og utviklar eiga undervisningspraksis
er initiativrik, strukturert og sjølvstendig
er ein lagspelar med gode samarbeidsevner
er kreativ og nytenkjande
Arbeidsoppgåver
Planleggje, gjennomføre og leie elevane si læring
Analysere, vurdere og følgje opp elevane si faglege og sosiale utvikling
Bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
Delta aktivt i profesjonsfellesskapet på skulen og i samarbeid med andre fagmiljø
Det kan bli aktuelt med kontaktlæraransvar
Kvalifikasjonar
Godkjend formell utdanning som kvalifiserer for undervisning i grunnskulen
God relasjonskompetanse og tydeleg klasseleiing
Skulen søkjer samla sett å dekke flest mogleg fag
Erfaring med og interesse for uteskule, samt bruk av nærmiljø og natur som læringsarena, er ein fordel