Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spanande moglegheiter? Me har ledig 60 % fast stilling x 2 som sjukepleiar i nattpatruljen. Med årsturnus og arbeid i snitt kvar 3.helg, får du moglegheita til å planlegge balansen mellom arbeid og fritid på ein god måte. Nattpatruljen i heimetenesta dekker heile Alver kommune og har oppmøte i Knarvik og på Manger.
Som sjukepleiar på natt vil du få eit funksjonstillegg på kr 18.000 i 100 % stilling. I tillegg kan du som ekstern søkjar velje å binde deg i 2 år mot eit rekrutteringtilskot på kr 50.000 som vil bli utbetalt ved tiltrede.
Som sjukepleiar i heimetenesta og nattpatruljen vil du få arbeide bredt innafor fagfeltet. Du vil yte tenester til brukarar som bur i eigen heim, og jobbe med alt frå administrasjon av legemidlar, sjukepleieprosedyrar, handtere akuttsituasjonar, pleie av terminale, stell osv. Kvardagen vil variere ut frå behovet til brukarane, og du vil oppleve stor grad av fagleg utvikling. Tenestene vert gjort etter vedtak, og du vil følgje ei arbeidsliste i tillegg til å respondere på alarmar ved behov.
Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar.
Knarvik heimeteneste har kontor i Knarvik. På dag/kveld gir me tenester til brukara som bur i Knarvik. I tillegg er nattpatruljen organisert under Knarvik avdelinga. Nattpatruljen dekker heile Alver kommune og har oppmøteplass i Knarvik og Manger. Pr no er det totalt 6 tilsette på jobb kvar natt. I nattpatruljen jobbar det sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, som alle bidrar med si høge kompetanse til vårt felles mål: å levere omsorg av høg kvalitet.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneSom medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik, Ostereidet, Alversund og Lindås.
Kvar avdeling er organisert med eigen einingsleiar og assisterande einingsleiar.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, og Frekhaug.