Bu- og aktivitetstenesta har ledige stillingar, fortrinnsvis på helg. Vi har ulike stillingsprosentar og ei slik stilling kan vere fast eller som engasjement alt etter ønskje og/eller kvalifikasjonar. Stillingane er godt egna for deg som planlegg eller er i gang med helsefagleg utdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning. Arbeidet kan tilpassast ein studiekvardag og gje deg verdifull praksis i studietida. Ei stilling på helg hos oss kan også passe godt for deg som ønskjer å kombinere dette med anna arbeid.
Ut frå brukarbehov vil det i nokre bustader vere aktuelt å tilsette menn, i andre er det kvinner som er aktuelt. Ønska kvalifikasjonar:
Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning, hjelpepleiar/helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar eller student på helsefagleg utdanning.
Om du ikkje har utdanning, men relevant erfaring frå liknande arbeid, kan du få tilsetting som assistent.
Førarkort kl B.
Du må kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å kunne ivareta dialog og krav til dokumentasjon.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
Hos oss får du:
Vi inviterer aktuelle søkarar til samtale.
Link til søknadsskjema:
Søk herBu- og aktivitetstenesta gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus. Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.