Om stillinga
Det er ledig eit 50% vikariat som barnehagelærar i Førde barnehage frå 01.05.2026 - 31.08.2026
Det er ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar i Førde barnehage frå 01.05.2026 - 15.02.2027
Om Førde barnehage
Førde barnehage er ein kommunal barnehage som held til i Førdebygda i Sveio kommune. Det er 3 avdelingar med barn i alderen 1-6 år. Vi er midt i ein god utviklingsprosess, kor vi jobbar målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet. I dette arbeidet samarbeider vi tett med bl.a. høgskulesektoren.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
- Planlegge, gjennomføre og dokumentera, vurdera og utvikla arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
- Rettleiing av personale, foreldresamarbeid, tverrfagleg samarbeid
- Prosjektarbeid/utviklingsarbeid
- Barnehagelærar har ansvar for sette ut i livet, og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
- Barnehagelærar skal sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Barnehagelærar har ansvar for leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanføre dei områda han/ho er sett til å leie
- Barnehagelærar har ansvar for foreldresamarbeid
- Barnehagelærar har ansvar for å legge til rette for og koordinere spesialpedagogisk arbeid og samarbeid rundt barn med spesielle behov
- Barnehagelærar forpliktar seg til å jobbe i tråd med barnehagen si pedagogiske plattform og kommunen sine faglege satsingar
Kvalifikasjonar
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar, likeverdig med barnehagelærarutdanning er annan 3 åring pedagogisk utdanning på høyskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Anna relevant utdanning/praksis kan vurderast
- Erfaing frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Tilfredsstilliande politiattest må framvisast ved tilsetting
- Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
- Det er ønskeleg med erfaring i oppfølging av barn med spesielle behov
- Det er ei forutsetting at søkar har grunnlegjande forståing for og kan nytte IKT som verktøy
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
- Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
- Jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
Personlege eigenskapar
- Godkjend barnehagelærarutdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som barnehagelærar i barnehage
- Nyfiken, motivert og undrande saman med barn
- God relasjonskompetanse og god omsorgsevne
- Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
- Interesse for å vidareutvikle deg sjølv og kollegaer
- Kunne jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
- God forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
- Kreativitet og humor
- Glad i friluftsliv
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap.
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle.
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.