Styrar Fjone barnehage
Eining for oppvekst og kultur søkjer etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar til barnehagane våre:
Som vikar hjå oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag saman med barn og dyktige kollegaer. Dette er ei fin moglegheit for deg som ønskjer erfaring frå barnehage, eller som vil bidra når det trengst.
Ta direkte kontakt med barnehagane dersom du er interessert, eller send inn ein søknad (skriv kor du vil vere tilkallingsvikar). Det er løpande tilsetting som tilkallingsvikar.
Maria Felle Nes, Styrar Fjone barnehage
Nissedalsvegen 930
3854 Nissedal
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5139206732
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 17.08.2026
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.