Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Sykkylven-Magerholm, p.t. MF Rovdehorn.
Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy. Vi har fokus på miljø og teknologi, og tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. Skiftordning: 2 veker på, og 1 veke av / 2 veker på, og 3 veker av.
Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. Du vil vere leiar av dekksavdelinga om bord.
Søkjar må bu lokalt. Oppstart etter avtale.
Vi søkjer ein ansvarsbevisst dekkssjef/overstyrmann med gode leiaregenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysningsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, så tek vi med glede imot søknad frå deg.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, jonas.hovland@fjord1.no
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5142828467
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.