Open omsorg - Helsefagarbeidar 100 % fast stilling på Steinmoen bu- og servicesenter. Oppstart i stillinga er 17.08.2026
Vi søkjer ein fagleg trygg og engasjert helsefagarbeidar som trivst med sjølvstendig arbeid og godt samarbeid i team.
Vi søker helsefagarbeidar 100 % fast stilling, oppstart 17.08.2026
Steinmoen bu- og servicesenter ligg i Åmotsdal og har 9 bebuarar. Senteret har fast heildøgns bemanning, dagleg leiar og er organisert under Open omsorg i Seljord kommune. Stillinga inneber arbeid i turnus (dag, kveld og natt) med arbeid kvar 3. helg. Vi legg vekt på fleksibilitet og prøvar å tilpasse turnus etter behov der det er mogleg. Heimetenesta er ein aktiv samarbeidspartnar og yter tenester til bebuarane på lik linje med heimebuande.
· Praktisk bistand og pleie til bebuarane
· Hjelp til personleg hygiene, ernæring og legemiddelhandtering
· Bidra til fysisk aktivitet og sosialt fellesskap
· Bidra til eit trygt, godt og inkluderande arbeidsmiljø
· Samarbeid på tvers i open omsorg
· Varierande, utfordrande og lærerike arbeidsoppgåver
· Det vil bli tredelt eller todelt turnus med arbeid kvar 3.helg
Ein triveleg arbeidsstad med eit godt arbeidsmiljø
Variera og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande hovudtariffavtale
Gode pensjonsordningar (KLP/SPK)
IA-bedrift
Gode moglegheiter for fagleg utvikling, m.a. tilgang til simulering i samarbeid med simuleringssenteret i Telemark og støtte frå fagsjukepleiar
Seljord kommune er ein aktivitet kommune som ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt. Seljord kommune har mange store arrangement i løpet av året. Det er godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar.