Verksemdsleiar
Har du undervisningskompetanse i engelsk på ungdomstrinnet og vil ha ein liten fast stilling på Edland skule?
Då har du moglegheit til å søke på denne stillinga som er ledig frå 01.08.26.
Edland skule er ein 1 - 10 skule med omlag 70 elevar. Me har fokus på livsmeistring og satsar på klasseleiing og lesing som utviklingsområde for lærarane på skulen. Me har gode system for å skape trygge og gode læringsmiljø og satsar på god og variert undervisning. Leik, aktivitet og gode uteområde nyttar me som kjelde til utforsking, problemløysing og trivsel.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Me håpar du vil søke!
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar
Storegutvegen 48
3895 Edland
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5145989216
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!