Vil du gjere ein forskjell, held du hovudet kaldt, hjartet varmt og humøret oppe?
Ønskjer du deg ein jobb der du både kan støtte og motivere brukarane våre, og få lov til å arbeide med system, struktur og fag? Er du den vi leitar etter?
Stillinga som fagkoordinator høyrer for tida til seksjon lunde – ein av tre seksjonar i avdelinga, og ein plass der det både er rom for alvor, engasjement og ein god latter i kvardagen. Ein dag i veka er avsett til fagkoordinatorrolla. Då får du ta på deg “fag-hatten” og vere med på å halde oversikt, skape struktur og sikre kvalitet i det faglege arbeidet. Du samarbeider tett med leiar og kollegaer, bidreg til utvikling, etablerer rutinar og prosedyrar – og rettleier kollegaer når kvardagen krev ei ekstra fagleg hand på rattet.
Avdelinga vår yt tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar som har behov for bistand i eigen heim. Du vil jobbe i todelt turnus, med 35,5 timars arbeidsveke og arbeid fire helgar på tolv veker. Vi nyttar årsturnus, med både ordinære og muligheit for lange vakter – noko som betyr at du får fleksible friperiodar.
Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn ein søknad. Kanskje er det nettopp du som blir vår neste fagkoordinator og miljøterapeut
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Vi legg vekt på at søkjaren er eigna for stillinga.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Hildegunn Svastuen, Seksjonsleiar, +47 90684321
Kvithaugsmyra 4
6092 FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5118314955
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.05.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !