Kyrkjelydsdarbeidar i Osterfjorden og Lindås, som har ansvar ansvar for dei yngste barna, vil vere ein viktig samarbeidspartnar.
Vår faste kyrkjelydsarbeidar skal ha eitt års pemisjon, og Alver kyrkjelege fellesråd har derfor ledig vikariat på 80% som kateket/kyrkjelydspedagog for sokna Osterfjorden og Lindås. Det er mogleg å dele stillinga i to, med 40% i kvart sokn. Du kan derfor søke på berre eitt sokn. Oppmøtestad blir bestemt av det.
Oppstart medio augst 2026.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar.
Avhengig av kvalifikasjoner og stillingsstorleik, og i dialog med den som blir tilsett:
- Vi ønsker du skal ha særleg fokus på aldersgruppa frå 11 år og oppover. Kyrkjelydsarbeidar, som har hovudansvar for dei yngste borna, vert næraste samarbeidspart.
- Hovudansvar for konfirmantarbeidet og alt av administrasjon og informasjonsarbeid som følgjer dette.
- Planlegging og gjennomføring av konfirmantundervisning i samarbeid med sokneprestane
- Planlegging og gjennomføring av arrangement, leir og gudstenester for konfirmantar i samarbeid med kollegaer og frivillige.
- Rekruttering til og gjennomføring av leiartrening for ungdom.
- Oppfølging av anna ungdomsarbeid etter avtale lokalt i sokna.
- Rekruttering, kontakt og oppfølging av frivillige medarbeidarar innanfor eksisterande konfirmant- og ungdomsarbeid.
- Saman med andre gjennomføre tiltak i sokna sin plan for kyrkjeleg undervisning
- Profileringsarbeid og andre fellesoppgåver i kyrkjestabane etter nærare avtale.
- Ta del i fagleg og tverrfagleg samarbeid i fellesrådsområdet.
- Utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar eller anna relevant utdanning (pedagogisk og kristendomsfagleg erfaring/utdanning).
- Relevant erfaring frå barne- og ungdomsarbeid kan kompensere for relevant utdanning.
- Kunnskap/erfaring med bruk av PC som arbeidsverktøy.
Anna:
- Søkjar må ha førarkort og disponere bil.
- Du må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Vi krev politiattest.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Evner å arbeide sjølvstendig, men også vere god i teamarbeid.
- Evne til initiativ og gjennomføring.
- Ser og utfordrar frivillige.
- Kommuniserer godt i samtalar og gjennom sosiale medium.
- Det vil bli lagt vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna
- Løn etter tariffavtale for kyrkjeleg sektor.
- Obligatorisk medlemskap i KLP (2%)
- Vi tilbyr også tenestetelefon og moderne IKT-løysingar
Solveig Angelskår, dagleg leiar, 97709051
John Fredrik Wallace, kyrkjeverje, 48284872
Ørnnova 21
5993 Ostereidet
Arbeidsgiver: Alver kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5125938608
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.05.2026