Me søkjer ein dyktig og sjølvstendig servitør til vår sommarrestaurant i juli og august - snarast!
Voss Vandrarheim er eit familiedrevet hostel med hjarte for berekraft, økologi og lokalprodusert mat. Me er ope året rundt med hovudsesong juni-september og februar-april. Me lagar heimelaga mat frå botnen av, med ferske og sesongbaserte råvarer. Frukt og grønsaker vert levert frå Finnegarden, eit steinkast unna, slik at me alltid har tilgang til kortreiste og smakfulle ingrediensar. Store delar av kjøtet me bruker får me frå lokalt slakteri.
Utanom sommarsesongen har me middagsservering for bl.a. leirskulegrupper som bur hjå oss. I sommarrestauranten i juli og august vert det à la carte meny. Me ser no etter ein servitør med godt humør, som både er komfortabel med å jobbe aleine i restauranten, og på lag med kokk og kjøkkenhjelp!
Førebu restauranten for opning om ettermiddagen
Ta imot bestillinger, betaling og servere til bord
Ivareta hygiene- og HMS-krav på kjøkkenet
Ivareta rutinar for skjenking av alkohol
Rydding og vasking etter stengetid.
Oppgjør i kassa
Erfaring frå kundeservice, gjerne servering
Interesse for lokalmat, berekraft og økologiske varer
Evne til å jobbe sjølvstendig
Fylt 20 år
Fleksibel, løysingsorientert og glad i ein hektisk arbeidsdag
Kan snakke norsk eller eit anna skandinavisk språk
Ein varierande sommarjobb i eit positivt arbeidsmiljø
Moglegheit til å jobbe med kortreist, økologisk og berekraftig mat
Frukt og grønsaker levert frå Finnegarden, rett over vegen - grønsaker kan hentast i åkeren
Varierte arbeidsdagar i flotte omgjevnadar på Voss
Løn etter avtale
Viktig - Bustad er ikkje tilgjengeleg gjennom arbeidsgiver.
Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknad og CV til Nikola på epost til booking@vosshostel.com, gjerne med minst ein referanse.
Voss Vandrarheim er ope for overnatting og frukostservering året rundt med hovedsesong juni-september og februar-april. Me har 40 rom og eit romsleg fellesareal med peisestova, spisesal, gjestekjøkken, badstu og møtelokale. I underkant av 10 personer jobbar her året rundt, mens me i høgsesong er ca det doble.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.