Avdelingsleiar
Ynskjer du ein fleksibel jobb som brukarstyrt personleg assistent (BPA) passar denne jobben for deg. Tenestemottakar er ei vaksen dame i rullestol. Me søker stabile personar til faste stillingar som brukarstyrt personleg assistent. Me søkjer òg etter ferie- og tilkallingsvikarar.
50 - 100 % x 2 fast stilling som brukarstyrt personleg assistanse med arbeid dagtid/ ettermiddag/kveld og 3. kvar helg.
Tilkallingsvikarar med arbeid dag/kveld/helg
Sommervikarer
Det kan vera mogleg å tilpassa stillingane sin stillingsstorleik etter avtale mellom arbeidstakar og arbeidsleiar. Skriv i søknaden kva type stilling du er interessert i.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er varierte, men omhandlar praktisk- og personleg assistanse både i- og utafor heimen.
Dette involverer oppgåver åleine eller saman med tenestemottakar, diverse husarbeid, personlege gjeremål som stell, dusj, av-/påkledning og andre førefallande oppgåver.
Ingen formell utdanning krevst
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Politiattest må leggast fram ved tilsetting
Ønskeleg med førarkort klasse B
Påliteleg
Sjølvstendig
Ansvarsbevisst
Fleksibel
God på samarbeid og kommunikasjon
Ein variert kvardag med spennande oppgåver
Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter tariff som assistent
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning. Tilsetting for tilkallingsvikar/ferievikar vil skje fortløpande. Tilsetting fast stilling vil skje etter søknadsfrist er ute.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837