Modalen kommune har ledig ein fast stilling på inntil 100 % i pleie- og omsorgstenesta!
Er du autorisert sjukepleiar eller vernepleiar? Vi søkjer deg som er interessert i å jobbe i eit tverrfagleg og oversikteleg miljø, med stort bredde i oppgåver og få brukarar. Her får du tid til å bli godt kjent med kvar enkelt og følgje desse tett opp i samarbeid med dyktige kollegaer. Vi søkjer deg som kan bidra til eit godt miljø for både bebuarar, pårørande og kollegaer.
Modalstunet er kommunen sin einaste sjukeheim og er både institusjon og base for heimebaserte tenester. Der er i snitt mellom 6 - 10 bebuarar, samt eit aukande tal brukarar som får tenester levert i heimen sin. Hos oss vil ein raskt få god oversikt over- og kontakt med tenestemottakarar både i insitusjonen og heimebuande.
Arbeidsteamet rundt pleie- og omsorgstenestene består av dyktige kollegaer som vil ønskje deg velkommen som ein viktig del av arbeidsfellesskapet. Det er ellers korte linjer i organisasjonen vår, då pleie- og omsorgsleiar sit i utvida strategisk leiargruppe saman med rådmann.
Delta i årsturnus; todelt turnus med langvaktar, men kan pårekne seg evt. noko natt.
Tilpassing av langvaktar og evt. nattevaktar skjer i nærare dialog med deg og hovudtillitsvalde, og det vert jobba for å legge til rette for friperiodar i turnus.
Det er eit føremon at du utviser god tolmod, samarbeidsevner og å kunne vere reflektert over rolla i samhandling og oppfølging av brukarar, pårørande og kollegaer.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi ser etter deg som:
Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen. Modalen er ein liten kommune med stor kraft.
Modalstunet er kommunen sin einaste sjukeheim og har i snitt 8 - 10 bebuarar. Du finn oss i naturfagre område på Øvre Helland, knappe 15 min å køyre frå kommunesenteret på Mo. Kjem du frå Knarvik er køyretida ca. 1 time. I tillegg til bebuarane på Modalstunet leverer me tenester til heimebuande i kommunen.