Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidarar. Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan.
Vi treng tilkallingsvikarer som kan jobbe på dag, kveld, natt og helg. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Arbeidet er lagt opp etter lov om rett til helsehjelp. Vi ønskjer oss fleksible og løysningsorienterte medarbeidarar og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
Arbeidsstad
Heimetenester Os
Arbeidsoppgåver
Den erfaringa du får med å jobbe i heimesjukepleien vil du alltid ha nytte av uansett!
Kvalifikasjonar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?