Selskapet er i vekst, og har fleire spanande prosjekt innan ulike segment. Som vår nye prosjektleiar får du ei sentral rolle i eit utviklingsorientert og dynamisk fagmiljø.
Som prosjektleiar hos oss får du det overordna ansvaret for gjennomføring og økonomi i tildelte prosjekt, frå kontraktsignering til overlevering. Du vil fungere som bindeleddet mellom kunden og den interne prosjektorganisasjonen, og sikre at vi leverer i samsvar med spesifikasjonar, kvalitet, tid og budsjett.
Relevante arbeidsoppgåver vil vere:
Vi søkjer primært deg som har nokre års erfaring som prosjektleiar, gjerne med bakgrunn frå nybygg eller større maritime prosjekt. Du har ei teknisk forståing som gjer deg trygg i møte med komplekse systemleveransar, og du trivst i ei rolle med mykje ansvar og høgt tempo.
Vidare ser vi føre oss at du har:
Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor på Moa i Ålesund, som kan nyttast.
Søknadsfrist: Snarest – søknader blir løpande vurderte.
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgjevarane
Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål leggast ved søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor Ulstein Power & Control i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Tiltreding etter avtale.
Marita Stakkestad Hanstveit, Rådgiver - research & analyse, 452 53 909, msh@hamnoy.no
Allette Solberg, Rådgiver, 900 20 132, as@hamnoy.no
Arbeidsgiver: ULSTEIN
Referansenr.: 5102041393
Stillingsprosent: 100%
Fast
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
For meir informasjon, sjå ulstein.com