Byggfaget i Nordplan har ei sterk forankring i organisasjonen, og vi arbeider tett saman med dei andre fagmiljøa våre innan plan, arkitektur og infrastruktur. Vi opplever aukande oppdragsmengde og søkjer etter dyktige og engasjerte medarbeidarar innan byggfaget (RIB) i Førde
· Bachelor eller master innan bygg/ konstruksjonsteknikk
· For senior: Erfaring frå rådgjeving, prosjektering eller entreprenørverksemd
· For junior: Nyutdanna eller med noko erfaring
· Erfaring med relevante verktøy (t.d. Revit, Tekla, FEM-design, Robot, AutoCAD eller tilsvarande) er ein fordel
· God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
· Engasjert, initiativrik og ansvarsbevisst
· Strukturert og løysingsorientert
· Gode samarbeidsevner og ein god lagspelar
· Fagleg nysgjerrig og utviklingsorientert
God heilskapsforståing og kvalitet i arbeidet
Vi er opne for både nyutdanna/juniorar og erfarne/seniorar -- tilpassa ansvar og oppgåver etter kompetanse. Som nyutdanna hjå oss vil du få tett fagleg oppfølging på kontoret i Førde, i tillegg til støtte frå resten av organisasjonen. Vi legg til rette for god fagleg utvikling og ein trygg start på karrieren.
· Prosjektering og dimensjonering av byggkonstruksjonar
· Utarbeiding av beskrivingar, teikningar og berekningar
· BIM-/modellbasert prosjektering
· Prosjektoppfølging og kundekontakt
· Rådgjeving i alle fasar av prosjekt -- frå tidlegfase til gjennomføring
· Tverrfagleg samarbeid med arkitektar, arealplanleggjarar og andre ingeniørfag
Nordplan tilbyr eit fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige og inkluderande kollegaer. Vi arbeider med små og store prosjekt innan bygg, bustad, næring og offentlege bygg -- noko som gir ein variert og utviklande kvardag. Du vil bli del av eit tverrfagleg miljø der samarbeid på tvers av fag er ein naturleg del av kvardagen. Vi er i utvikling og ser etter deg som vil bidra aktivt -- både fagleg og i relasjon til kundar og marknad.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt fleksibel arbeidstid.
Nordplan ASNordplan AS er eit tverrfagleg rådgjevingsmiljø med over 100 medarbeidarar, fordelte på kontor i Ålesund, Ørsta, Nordfjordeid, Stryn, Førde, Bergen, Stord, Vågå, Lillehammer og Oslo.