Det er ledig 60% fast stilling for en Barne og ungdomsarbeidar.
I tillegg er det eit vikariat på 20% for barnehageåret 2026-2027. Totalt 80%.
Vi ønsker en medarbeidar som kan legge til rette for en trygg oppvekst med omsorg, leik, læring og aktivitetar som stimulerer til livsglede og undring.
-Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen
-Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn
-Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsette
-Foreldresamarbeid på avdelinga
-Skapa trivsel og utvikling, for både barn, personalet og føresette
-Er aktiv saman med barna i kvardagen
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registrerast før første arbeidsdag tar til.
Berit Time Bø, Styrar, 95212332, berit.time.bo@time.kommune.no
Grasdalen 2
4347 Lye
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5121977104
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 15.05.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.