Vågå kommune søkjer ein trygg, strategisk og fagleg sterk tenesteleiar for Miljøterapitenesta.
Miljøterapitenesta er i ein viktig utviklingsfase, der vi arbeider systematisk med å tilpasse tenestene til demografisk utvikling, endra behov hos brukarane og tilgjengeleg kompetanse. Dette føreset tydeleg leiing, god heilskapleg forståing og evne til å balansere fagleg kvalitet, økonomisk berekraft og forsvarleg drift.
Miljøterapitenesta arbeider med målretta miljøarbeid der målet er at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen. Fagleg kvalitet, brukarmedverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar i tenesta, og vi ønskjer å vere ei utviklande teneste -- både for brukarane og dei tilsette.
Helsetenestene i Vågå kommune satsar på fagutvikling, kvalitet og berekraft, både i dagleg drift og i eit langsiktig perspektiv. Vi arbeider aktivt med å rigge tenestene for framtida, slik at rett kompetanse blir nytta på rett stad.
Tenesteleiar for Miljøterapitenesta rapporterer til kommunalsjef for helse, og er ein del av kommunalsjefen si leiargruppe.
Tenesteleiar har overordna ansvar for drift, økonomi, personal og fagleg utvikling i tenesta. Leiinga er organisert som eitt team med to avdelingsleiarar og tenesteleiar, som saman har ansvar for heilskapleg leiing, økonomistyring, utvikling og kvalitet i tenesta.
Tenesteleiar arbeider primært på eit strategisk og overordna nivå, med støtte frå avdelingsleiarane og kommunale stabsressursar innan økonomi, personal og merkantile funksjonar.
Overordna økonomistyring og budsjettansvar for tenesteområdet
Strategisk og framtidsretta tenesteutvikling innan miljøterapi
Overordna ansvar for personaloppfølging og leiarstøtte til avdelingsleiarar
Sikre god fagleg kvalitet, systematisk kvalitetsforbetring og forsvarlege tenester
Leggje til rette for godt arbeidsmiljø, kompetanseutvikling og heilskapleg leiing
Samarbeid med andre kommunale tenester, nabokommunar og eksterne aktørar
Bidra til utvikling av berekraftige løysingar og føremålstenleg bruk av teknologi i tenesta
Sikre at tenesta blir drive i tråd med gjeldande lovverk, nasjonale føringar og politiske vedtak
Fagleg rådgivar for kommunalsjef helse
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Har helse- eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå
(til dømes vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorutdanning)
Har leiarerfaring frå samanliknbare roller
Kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Erfaring frå kommunal økonomistyring
Relevant leiarutdanning
Erfaring med teknologi i helse- og omsorgstenester
Innsikt i samspelet mellom politikk, administrasjon og tenesteyting
God kunnskap om relevant lov- og regelverk
Vi ser etter deg som:
Er tydeleg, trygg og lyttande i leiarrolla
Er endringsvillig og framtidsretta
Motiverer og engasjerer medarbeidarane dine
Har høg etisk bevisstheit og fokus på kvalitet
Er systematisk, målretta, evnar å ha eit langsiktig perspektiv og har god gjennomføringsevne
Arbeider strukturert og har evne til å sjå komplekse samanhengar
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Ei meiningsfull og strategisk leiarstilling i eit viktig fagfelt
Moglegheit til å påverke og utvikle ei teneste i kontinuerleg utvikling
Arbeid i eit tett og kompetent leiingsteam
Eit godt fagmiljø og ein lærande organisasjon
Gode rammer for kompetanseutvikling
Fleksitid og kompensasjonsdagar
For deg som ikkje kan dagpendle, vil kommunen kunne bistå med bustad i ein overgangsperiode
Løn- og arbeidsvilkår etter avtale
Pensjonsordning gjennom KLP
Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.
I søknaden ønskjer vi at du får fram korleis bakgrunn og erfaring samsvarer med krava og ønskjer vi har for stillinga.
Søknad skal sendast via elektronisk søknadsskjema.
Vedlegg til søknaden kan sendast til:
postmottak@vaga.kommune.noVågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.
Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova § 25.
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid -- med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.