Ønsker du deg karriere i fergenæringa? Fjord1 skal ha inn fire kandidatar til opplæringsstilling, der målet er at du opparbeider deg fartstid for å løyse ut ferdighetssertifikat matros.
Vi tilbyr ein unik moglegheit for deg med ein draum om ei maritim karriere. Her kan man starte med 0 dagar fartstid og utan maritim erfaring frå før, og rett og slett utdanne seg til å verte matros gjennom arbeidserfaring.
Dette er ei fysisk krevande stilling, så du må like å vere i aktivitet. Du vil arbeide saman med matrosar på ein av fartøya våre på sambandet Magerholm-Sykkylven. Varigheit for opplæringa avhenger blant anna av kor mykje fartstid du treng, men dersom du startar på 0 vil lengda vere omkring 18 månader. I denne stillinga jobbar du kun på dagtid, så du har mogelegheit til å bu heime. Det vil difor vere ein fordel å bu lokalt.
Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av.
Fjord1 dekker utgiftene dine til helseerklæring for sjømenn, krise- og passasjerhandteringskurs, redningsfarkost og grunnleggande sikkerheitskurs.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, jonas.hovland@fjord1.no
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5138029220
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.