I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Pleie og omsorg i Lærdal kommune søkjer kokk med fagbrev til arbeid på institusjonskjøkkenet ved Lærdal bu og omsorgsheim.
Kjøkkenet lagar mat til kring 60 faste tenestemottakarar kvar dag, i tillegg til faste bestillingar til andre einingar i kommunen. Me lagar norsk tradisjonsmat med fokus på gode råvarer - gjerne lokale, og mat frå botnen av. Kjøkkenet har 4 faste kokkar, som arbeider i turnus på dagtid.
Me er samlokaliserte med institusjon, heimebasert omsorg, aktivitetstove, demenskoordinator, fysio- og ergoterapitenesta, koordinator og administrasjon i pleie og omsorg - med fokus på samarbeid!
Me søkjer kokk med fagbrev, som ynskjer å bidra til gode matopplevingar for våre tenestemottakarar. Arbeid på dagtid, med arbeid kvar 3 helg.
Dine oppgåver vil være knytt til produksjon av middag, dessert, bakevarer, diettar og reinhald.
Vårt kjøkken har eit godt renommé, er eit viktig ansikt utad, og samskapar av gode opplevingar!
Link til søknadsskjema:
Søk herI Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.