Postoperativ Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk (KSK), som er ein av dei større klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus. KSK har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smerte behandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i fleire avdelingar, der ei av avdelingane er Intensive- og postoperativ avdeling (IPA) med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal- og resultatansvar.
Postoperativ Glasblokkene er ei relativ ny seksjon ved Haukeland universitetssjukehus. Sidan oppstart i november 2023 har vi bygd opp eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, stort engasjement og tett samarbeid på tvers av fag og profesjonar. No ønsker vi fleire dyktige intensivsjukepleiarar med på laget.
Hos oss får du vere med i vidareutviklinga av ei moderne postoperativ eining – i splitter nye lokale, med varierte pasientforløp og godt kollegialt fellesskap.
Kven er vi?
Postoperativ Glasblokkene er ein del av Intensiv- og postoperativ avdeling i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Vi yter postoperativ overvaking og sjukepleie innan mellom anna:
Vi er lokaliserte i Glasblokkene over to etasjar:
I tillegg har vi driftsansvar for postoperativ overvaking i Augebygget og eit etablert kirurgisk mottak for både dag- og heildøgnskirurgi.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du:
✅ vere med og forme ein ny seksjon frå grunnen av
✅ arbeide i eit sterkt, inkluderande og tverrfagleg fagmiljø
✅ variert klinisk kvardag og brei fagleg erfaring
✅ tydelig fokus på opplæring, fagutvikling, undervisning og forsking
✅ kollegaer som støttar kvarandre – også når det er travelt
Vi legg stor vekt på tryggleik, kvalitet og omsorg – for både pasientar og medarbeidarar.
medarbeidarar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Svanhild Sangolt Foldnes, Seksjonsleiar, 47515846, svanhild.sangolt.foldnees@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5121462634
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.