Sogndal kommune, eining for veg- og grøntanlegg, har ledig 100 % fast stilling som trafikkbetjent.
Som trafikkbetjent får du varierte arbeidsdagar der du vekslar mellom kontroll til fots og med bil. Du vert ein del av eit fagleg sterkt team som i dag består av to trafikkbetjentar og ein fagleiar. Avdelingsleiar for veg- og grøntanlegg vil vere næraste leiar.
Stillinga har oppmøtestad i Sogndal.
Arbeidstid er etter oppsett arbeidsplan, med noko arbeid på ettermiddag, kveld og tredje kvar laurdag.
Administrasjonsmålet i Sogndal kommune er nynorsk.
Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om det er bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837