Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Gjermundshamn - Årsnes, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Sildafjord.
Turnusen er 1 veke på jobb og 2 veker fri. Dette gir lange, samanhengande friperiodar og gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Under arbeidsperioden er det mogleg å bu om bord. I nærområdet finn du og matbutikk og treningsmoglegheiter, noko som gjer kvardagen enkel og praktisk i arbeidsperioden.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørger for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Ønskeleg oppstart så snart som mogleg.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
5635 Gjerdmundshamn
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5122110533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.