Me har ledig 100 % fast stilling som leiar ved Nav Vik frå 01.06.26. Kommunen har vedteke å inngå i eit nytt vertskommunesamarbeid, som på sikt vil innebere endringar i stillinga.
Nav Vik er i ei spanande utviklingsfase prega av modernisering, endring og tettare samarbeid med både kommunen, næringslivet og andre aktørar. Vi søkjer ein engasjert og trygg leiar som kan sikre stabil drift i overgangsperioden, og som ønskjer å vidareutvikle dei positive prosessane som allereie er godt i gang.
Nav Vik er eit partnarskap mellom Nav Vestland og Vik kommune. Leiaren skal ha det faglege og administrative ansvaret, og har ansvar for medråderett i kontoret i begge styringslinjene. Den viktigaste oppgåva er å sikre gode og heilskaplege tenester for einskildpersonar og næringsliv, og å bidra til samfunnet sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking. Samarbeid på tvers av kommunar vil framover bli avgjerande for å vidareutvikle tenestene og for å bli ein synleg og løysingsdyktig samfunnsaktør.
Kontoret i Vik har i dag om lag 5,2 årsverk. I tillegg til den statlege tenestemenyen har kontoret ansvar for tenester heimla i sosialtenestelova, Husbanktenester til privatpersonar samt flyktningteneste med ansvar for busetjing, integrering og introduksjonsordning.
Kommunen har vedteke å inngå i eit nytt vertskommunesamarbeid, som på sikt vil innebere endringar i stillinga.
Nav er opptatt av mangfald og me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Nav, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato.
Andre opplysningar
Spørsmål om stillinga kan rettast til Vik kommune ved kommunalsjef helse og velferd Hildegard Valland, tlf. 47264660, eller til regionsleiar i Nav Sogn Sara Christine Johnsborg, tlf. 91831552.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herVik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.