Vi har inntil 5 ledige stillingar, 2 faste og 3 vikariat som barne og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Valderøy barneskule, Basen og SFO frå skuleåret 2026/2027.
Nokre av stillingane følgjer skuleruta med avkorting av løn (89 %). Oppgi i søknaden om du er aktuell for både vikariata og dei faste stillingane.
Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i Basen. SFO har om lag 190 born. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Ragnhild Hauge Steffenssen, avdelingsleiar, 40234503
Ingvild Hunnes Stavseng, avdelingsleiar, 90093092
Elina Kristin Berg, avdelingsleiar, 45491188
Gudmundur T. Gudjonsson, avdelingsleiar, 47334654
Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
Øvstevegen 19
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5120609856
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 18.05.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.