Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.
Martens er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Seksjonen ligg tilbaketrekt i rolige omgjevnader i Sandviken og omfattar to sengepostar.
Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging. Me tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, både i eige treningsrom og i nærområdet. Det blir lagt stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra eit heilskapleg behandlingstilbod.
Pasientane blir møtte av ei tverrfagleg personalgruppe med brei kompetanse. Hos oss møter du mellom anna erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar og psykolog, som saman bidreg til eit heilskapleg tilbod.
I underetasjen til Korttidsposten ligg Tvangsposten. Denne har fire døgnplassar for pasientar innlagde etter vedtak i Helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 og 10-3. Overordna mål med opphaldet er avrusing, stabilisering, samt å motivere og leggje til rette for vidare frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Behandlinga har både eit akutt perspektiv – å førebyggje alvorleg helseskade – og eit langsiktig mål om redusert rusmiddelbruk eller rusfrihet. Det blir lagt vekt på individuell tilrettelegging, brukarmedverknad og tett samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar. Gravide med rusliding er òg ein del av pasientgruppa.
RAK Korttidspost Martens har ledig 100% fast stilling som spesialsjukepleiar. Stillinga inngår i todelt turnus (dag/kveld) med arbeid kvar femte helg. Langvakter laurdag-søndag.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Trudi Ulevik Davanger, Seksjonsleiar, 47999686, trudi.ulevik.davanger@helse-bergen.no
Hatleveien 7D
5038 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5124335992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.