Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei tre sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund har 55 stillingar og om lag 70 tilsette.
Seksjonen består av fagområda hematologi og koagulasjon, service med preanalyse, PNA og urinanalyser, automasjon med pre/post-analyse, klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi og blodbank/transfusjonsmedisin.
Vi har ledig eit vikariat som fagbioingeniør på service frå 01.09.2026 til 01.09.2027. Oppstart kan avtalast nærmare med seksjonsleiar.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvarleg bioingeniør for fagområdet
- Koordinere den daglege drifta ved fagområdet. Dette inneber også å vurdere behov for delegering av oppgåver til bioingeniør II/ bioingeniør
- Forvalte fagområdet sine ressursar på ein god måte, knytt opp mot laboratoriet si verksemd
- Sørge for å halde seg fagleg oppdatert og dokumentere dette
- Ha særleg ansvar for kompetansehevande arbeid ved fagområdet
- Opplæring og oppdatering av tilsette
- Bruke laboratoriet sine kommunikasjonsvegar
- Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
- Ansvar for at fagområdet har gode, relevante og oppdaterte prosedyrar
- Følge opp varebeholdning (SAP)
- Andre delegerte oppgåver frå seksjonsleiar
- Delta i seksjonsråd
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Fagleg kunnskap og erfaring frå medisinsk biokjemi
- God IT-kompetanse
- Erfaring frå eit akkreditert laboratorium er ønskjeleg
- Fordel med erfaring frå undervisning og rettleiing
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg, inspirerande og inkluderande
- Du har gode formidlingsevner
- Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
- Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid
- Du har evne til omstilling og vilje til fagleg utvikling og nytenking
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfylt stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehuset
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Camilla Jensen Pedersen, Seksjonsleiar, Camilla.Jensen.Pedersen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5141125473
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 16.06.2026