Spennande leiarstilling i Sunnfjord!
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Er du ein erfaren leiar som likar vekslinga mellom praktisk og administrativt arbeid? Som er løysingsorientert og god på samhandling? Som ser verdien av å forvalte tradisjonsrike kyrkjebygg og minnesterke gravplassar til beste for folk? Då er du den vi ser etter; Sunnfjord kyrkjelege fellesråd har ledig 100% stilling som driftsleiar.Du får ansvar for tilsette som har sitt daglege arbeid knytt dei 14 gravplassane. I tillegg har driftsleiar eit overordna ansvar for drift og vedlikehald av 10 kyrkjer.
Kyrkjegarden og kyrkjene betyr mykje for folk i Sunnfjord, her samlast vi i både sorg og glede. Fellesrådet ønskjer at både gravplassane og kyrkjene framstår velstelte, at forvaltninga er profesjonell og effektiv og at tilsette har gode rammer for sitt arbeid.
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd ligg i Sunnfjord prosti og svarar geografisk til Sunnfjord kommune. Folketalet i kommunen er på rundt 22.000. Den totale staben i Sunnfjordkyrkja tel rundt 40 tilsette. Kontorstaden er i Førde, arbeidsområde til driftsleiar omfattar heile kommunen. Driftsleiar blir del av leiargruppa, og er stedfortredar i kyrkjeverja sitt fråvær.
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.