Det er ledig stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Nybø barnehage (2. gongs utlysing). Me held til i Leikanger, om lag 20 kilometer frå Sogndal sentrum.
I barnehageåret som går no, har me 53 barn fordelte på tre avdelingar. Me har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden.
Begge bygga er frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø. Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Her har me kort veg til natur med skog og mark, badestrand, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2025/2026 er friluftsliv og matglede.
Hos oss møter du eit fagleg sterkt miljø med 16 tilsette, og ein god miks i alder. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
No ser me etter ein fagleg og engasjert barne- og ungdomsarbeidar. Du er relasjonssterk og inkluderande, og har lyst til å bli ein del av ein velfungerande barnehage.
Me har no ledig stilling som Fagarbeidar i 100% vikariat 01.08.2026 – 31.07.2027.
Det kan kome fleire stillingar som vert ledige i løpet av våren.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Sogndal kommune er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. I kommunen er det totalt 14 barnehagar, der 11 av barnehagane er kommunale barnehagar.
Du kan bli betre kjend med Sogndal kommune og barnehagen her:
Oppvekst og utdanning - Sogndal kommune
Nybø barnehage - Sogndal kommune
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetjing.
Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt, Easycruit.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837