Vil du ha ein sosial og aktiv sommarjobb i eit ungt og energisk miljø? Pota Madre i Odda søker sesongarbeidarar som vil vere med å skape gode matopplevingar og topp stemning gjennom sommaren!
Du er positiv, utadvendt og likar å jobbe med menneske
Du trivst i eit høgt tempo og handterer travle situasjonar godt
Du er ansvarsbevisst, påliteleg og møter opp til avtalt tid
Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du er lærevillig og tek initiativ
Du likar og tilberede mat og bryr deg om maten du serverer
Erfaring frå salg eller service er ein fordel, men ikkje eit krav
Tilbereding og servering av mat (bakte poteter med ulike toppings)
Kundebehandling og kassearbeid
Sikre god flyt og effektiv drift i travle periodar
Reinhald og hygiene i tråd med rutinar og krav
Varemottak og enkel lagerhandtering
Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og god stemning både for kollegaer og kundar
Ein sosial og inkluderande arbeidsplass med god stemning
Varierte og aktive arbeidsdagar i eit høgt tempo
Opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer
Moglegheit for vidare arbeid etter sommarsesongen
Verdifull erfaring innan service og matbransjen
Fleksible arbeidstider i ein travel og spennande sesong
Pota Madre er eit norsk streetfood-konsept i sterk vekst, kjent for sine bakte poteter med rikeleg og smakfull topping. Konseptet starta på Vestlandet og har på kort tid blitt ein publikumsfavoritt, med fleire matvogner etablert i byar som Odda, Voss, Bergen og Stavanger.
Vi kombinerer enkel, god mat med høgt tempo, god stemning og fokus på kvalitet -- og jobbar kontinuerleg med å utvikle oss vidare og skape gode opplevingar for kundane våre.