Blir du motivert av å arbeide med menneske og ønskjer å bidra til at fleire får betre levekår og meistring i eige liv? Har du tru på at alle, uansett livssituasjon, har ressursar å byggje vidare på? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du arbeider tett med brukarane og bidreg til heilskapleg oppfølging gjennom dei sosiale tenestene i Nav.
Nav Kinn er eit kontor med to lokasjonar - Florø og Måløy- og 34 tilsette som saman jobbar for å gi gode tenester til innbyggjarane i kommunen. No søkjer vi ein rådgjevar i 100 % fast stilling og vi har ledig vikariat til kontoret vårt i Florø, i avdeling brukarsenter.
Vi er ein lærande organisasjon som er opptatt av tverrfagleg samarbeid og heilskapleg oppfølging. Vi har ansvar for oppgåver innan arbeids- og velferdstenester. Som rådgjevar har ein ansvar for oppfølging, råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester. Vi skal bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leve og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Avklaring og kartlegging er sentrale arbeidsoppgåver, der ein har fokus på barneperspektivet, ungdomsgarantien og kvalifiseringsprogram.
NAV Kinn har to lokasjonar. Du må difor rekne med noko reising mellom Florø og Måløy ved behov.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Ina Trengereid, Avdelingsleiar, 97524473, ina.trengereid@nav.no
Hans Blomgate 39
6900 Florø
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5123722891
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 19.05.2026
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.