Sunde barnehage treng tilkallingsvikar.
Kven ser vi etter ? Jo vi ser etter deg som er arbeidsøkende, student som ønsker å jobbe med noko. Deg som tar eit friår frå skule, eller allereie jobbar noko deltid, men kan tenke deg å jobbe hos oss etter behov. Vi ser etter deg som ønsker ut i jobb. Vi ser etter deg som er omsrogsfull, leken og genuint oppteken av barn og deira utvikling.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema:
Søk herKvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet