1 døgn om bord, 1 døgn hjemme i 2 veker - etterfulgt av 2 veker fri.
Vi søkjer ein engasjert og kompetent maskinsjef til vår stillegåande, elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.
Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i 2 veker, deretter har du 2 veker samenhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no
Kvalvågnesvegen 681
5956 Hundvin
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5110808861
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.