Fjord1 har no ledig stilling som matros i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund.
Arbeidsordninga er 12‑timarsvakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av 3 veker fri.
Reise utover 30 km til og fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver.
Det vil vere ein fordel å bu lokalt, då det ikkje er mogleg å bu om bord.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart juli/aug.
Aktuelle kandidater blir kontaktet fortløpende.
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Fv49
5414 Stord
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5140991992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.