Bergetippen barnehage har ledig ei fast stilling som pedagogisk leiar. Det kan vere aktuelt at søkjar får funksjon som barnehagelærar om dette er ønskjeleg.
For å innfri nasjonal barnehagestrategi mot 2030 – Barnehagen for en ny tid, er målet at barnehagelærarar utgjer minst 60 % av grunnbemanninga. Vi har auka grunnbemanning.
Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 20 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har frå hausten av sju avdelingar.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar.
Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.
I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.
Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.
Pedagogisk leiar er ansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det daglege pedagogiske innhaldet i høve enkeltbarn og barnegruppe.
Pedagogisk leiar har fagleg ansvar for arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø, omsorg for det enkelte barnet, for utviklinga av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
I samarbeid med styrar og det pedagogiske leiarteamet vil pedagogisk leiar ha oppgåver som bidreg i arbeidet med å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre tenester.
Skape eit inkluderande, kreativt og lærerikt leikemiljø for barn.
Godt samarbeid med foreldre / føresette.
Rettleiingsoppgåve for personalet på avdelinga for fagleg utvikling.
Utdanning som barnehagelærar.
Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Må kunne norsk godt munnleg og skrifteleg. Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 27. Krav om norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage
Etter nærare avtale.
Det er krav om politiattest før tiltreding.
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" på kommunen sine heimesider.
Søknadsfrist: 18.mai.2026
Ved spørsmål ta kontakt med styrar Synnøve Rishaug, tlf. 90571168, synnove.rishaug@aukra.kommune.no
Link til søknadsskjema:
Søk herBergetippen barnehage ligg i Julsundet, på fastlandet i Aukra kommune. 15 min køyretur frå Molde. Barnehagen har 5 avdelingar for barn i alderen 1 - 6 år. Vi tilbyr eit godt fagmiljø med 50% barnehagelærarar. Vi har fokus på gode relasjonar og tilknyting. Vi er opptatt av utvikling og kvalitet i det pedagogiske arbeidet. Vi lar oss inspirere av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring. Vi har eit flott uteområde og nærmiljø som gir høve spanande og lærerike opplevingar. Følg oss på Instagram: bergetipptopp