Vi har ledig 2x100 % fast stillingar ved Ørskog skule og SFO.
Vi treng fagarbeidarar i skulen som kan støtte og tilrettelegge for elevar, som har behov for assistanse, gjennom skulekvardagen.
SFO har som mål å gi borna frå 1.-4. trinn tilsyn og omsorg utanom den obligatoriske skuledagen.
Alle born i skule og sfo skal oppleve tryggheit, respekt, tillit og likeverd. Vi har fokus på sosialisering, fellesskap og omsorg.
Ørskog skule og sfo er godt organisert, og nyttar skulelokala og uteområda på ein kreativ og inspirerande måte. Uteområdet er stort og variert; idrettsanlegg, bibliotek, naust, stall, sjø, elv, skog og fjell ligg i umiddelbar nærleik.
Vi har eit dyktig og engasjert personale som samarbeider for å skape eit trygt og godt miljø for borna.
Kjell-Øyvind Aarseth, Rektor, +47 70 16 59 51
Ryssebøvegen 2
6240 Ørskog
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5117606556
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.