Blir du motivert av å jobbe med menneske og har tru på at alle har noko å bygge vidare på?
Er du engasjert, nysgjerrig og lysten på å bidra for unge som står i vanskelege val og situasjonar? Trivst du med ein kvardag der ingen dagar er heilt like? Då håper vi du les vidare.
Nav Kinn er eit kontor med to lokasjonar - Florø og Måløy- og 34 tilsette som saman jobbar for å gi gode tenester til innbyggjarane i kommunen. No søkjer vi ein rådgjevar i 100 % fast stilling til kontoret vårt i Florø, i avdeling Oppfølging.
I avdelinga jobbar vi med innbyggjarar som treng tettare støtte og oppfølging, blant anna dei som mottek AAP, uføretrygd eller andre ytingar. Vi har òg ansvar for arbeidet med ungdomsgarantien, som skal sikre at unge under 30 år får individuelt tilpassa oppfølging og hjelp vidare mot arbeid, aktivitet eller utdanning. Som rådgjevar hos oss møter du ungdom og unge vaksne som ofte står i ein krevjande livssituasjon. Du blir ein viktig støttespelar som hjelper dei å finne retning, meistring og moglegheiter.
Nav Kinn har to lokasjonar. Du må difor rekne med noko reising mellom Florø og Måløy ved behov.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Lene Ullaland Veka, Avdelingsleiar, 41377182, lene.ullaland.veka@nav.no
Hans Blomgate 39
6900 Florø
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5123577637
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling