Eining for omsorg har behov for å fylle på med fleire dyktige kollegaer. Vi søkjer difor etter deg som har fagbrev innan helsefag eller er student/skuleelev som studerer innan helsefag.
Helgestillinga er på dag/kveld med arbeid kvar 3. helg (17,14%). Stillingane er i utgangspunktet inne på Åseralsheimen.
Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen.
På Åseralsheimen har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar der 5 av desse er på skjerma avdeling for demente.
I heimetenesta har vi tenester til heimebuande som blant anna heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggleiksalarm og matombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen. Eininga arbeider for at både pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og at vi leverer tenester av høg kvalitet tilpassa den einskilde sitt behov.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode og tilpassa tenester.
Fagbrev som helsefagarbeider er ønskjeleg.
Studentar/elever som tek helsefaglig utdanning vil også bli vurdert, og blir oppmoda til å søkje.
Me ønskjer desse kvalifikasjonene:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.no
Bordalsbakken 10
4540 Åseral
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5124260811
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.