Me har ledig ei spanande stilling i vikariat som sakshandsamar ved tildelingskontoret. Me søker deg som har brei, fagleg kunnskap og erfaring innan sakshandsaming. Arbeidstid er 37,5 timar pr. veke i 100% stilling. Stillinga er ledig frå 01.09.26- 01.09.27.
Tildelingskontoret har ansvar for å handsame søknadar om helse- og omsorgstenester i kommunen. Kontoret kartlegg hjelpebehov og fattar vedtak i tråd med gjeldande lovverk, politiske føringar og retningslinjer.
Me har også ansvaret for å overvake pleie- og omsorgsmeldingar (PLO) som kjem frå helseføretak og anna helsepersonale. Arbeidet inneberer tett samarbeid med pasientar/ brukarar, pårørande og tilsette i tenestene innan helse- og omsorgsfeltet.
Me tilbyr
Det er pårekna noko reiseaktivitet i jobben, og det er difor krav om førarkort klasse B.
Om oss
Me er ein samskapande og nysgjerrig organisasjon som brenn for å skape og levere gode tenester. Me jobbar kontinuerleg for å gje våre innbyggjarar og tilsette god livskvalitet.
Er du villig til å utfordre etablerte tankar, system og rammer for at me skal lukkast med dette også i framtida? Til trass for ung og veksande befolkning har også Sogndal kommune betydelege omstillingsbehov. Dette gir oss ei utfordring knytt til korleis me leverer tenestene våre no og framover. Har du lyst å bidra inn i dette arbeidet?
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837