Vil du vere med og utvikle eit trygt, inkluderande og meiningsfullt tilbod for barna ved Emblem SFO? Vi søkjer ein tydeleg, engasjert og relasjonssterk SFO-leiar som kan leie og vidareutvikle SFO i tett samarbeid med skulen si leiing og dei tilsette.
SFO-leiar har ansvar for å sikre at skulefritidsordninga blir driven i tråd med nasjonale og lokale føringar. Du vil ha ansvar for dagleg drift, pedagogisk innhald, personaloppfølging og samarbeid med heimane. SFO-leiar samarbeider med skulen si leiing i aktuelle saker og rapporterer til verksemdsleiar.
Ein del av stillinga er knytt til arbeid i skulen og inneber elevretta arbeid for å fremje trivsel, inkludering og eit trygt og godt skulemiljø.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Vi søkjer deg som har:
Det er ønskeleg at du har:
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Jorun P F Sundklakk, Verksemdsleiar /Rektor, 70 16 51 01
Markastien 15
6013 Ålesund
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5108668510
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.