Vi har no ledig tre stillingar ved vår seksjon:
Vi ønskjer oss positive og fagleg dyktige personar som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønskjer oss kollegaer som er personleg eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt. Dersom du kjenner deg igjen i skildringa over, så håper vi at du sender oss ein søknad.
Stillingane inneber turnusarbeid
Denne jobben kan tidvis vere krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiing du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskadar av dette, og det forventar vi at du toler å stå i.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar spesielt menn til å søkje.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Ingrid Ølander, Seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5137944884
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 17.07.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.