Hos oss vert du ein del av eit fagmiljø med fire psykologar som arbeider for å styrkje kvaliteten i kommunen sitt heilskaplege arbeid innan psykisk helse og rus. Vi søkjer deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får kombinere klinisk arbeid, førebygging, rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsstaden er i Knarvik, om lag 30 minutt nord for Bergen. Her held vi til i nytt helsehus, samlokalisert med mellom anna BUP, DPS, legar, helsestasjon, PPT og barnevern. Dette gir gode vilkår for samarbeid og for å byggje heilskaplege tilbod rundt barn og familiar.
Som kommunepsykolog for barn og unge vil du arbeide både direkte med barn, ungdom, foreldre og familiar, og bidra inn i kommunen sitt samla psykiske helsetilbod. Stillinga passar for deg som trivst med ein variert arbeidskvardag og ønskjer å jobbe både behandlingsnært og systemretta.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
Vi ser etter deg som er fagleg trygg, samarbeidsorientert og oppteken av å finne gode løysingar saman med barn, foreldre og andre fagpersonar. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men òg trivast i eit tverrfagleg miljø der samarbeid er ein viktig del av kvardagen.
Det er ein fordel om du:
har interesse for førebyggjande og systemretta arbeid
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Hos oss får du høve til å utgjere ein reell skilnad for barn og unge, samstundes som du vert del av eit godt og samansveisa fagmiljø.
Vi tilbyr:
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneTenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.
Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.