Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der samarbeid, presisjon og pasienttryggleik står i sentrum?
Hovud/hals-seksjonen er ein av tre seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus, og er ein del av Kirurgisk serviceklinikk (KSK) som er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store deler av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og traumemedisin på sjukehuset.
Hovud/hals-seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er 45,5 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 25 årsverk som operasjonssjukepleiar. Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar, 5-6 operasjonsstover på dagtid, og ØH-stove på kveld, natt og helg. Både operasjonssjuepleiar og anestesisjukepleiar hos oss inngår i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset.
Vi har ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar i tredelt turnus (35,5t/u).
Trivst du med travle dager, faglege utfordringar, og godt samarbeid på tvers av fagmiljø som gjer arbeidsmiljøet utviklande og trygt? Då håper vi å ha vekt interessa di for å søke stilling hos oss.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Lisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5134462445
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.