I FUS har me store ambisjonar – me ønskjer å bli best på barnehage! Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me søkjer ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar/pedagogisk medarbeidar som vil vera med på denne reisa.
Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?
Ja? Då er du kanskje den me ser etter!
Sævarhagen FUS barnehage ligg midt i eit fantastisk nærmiljø ved Hystadmarkjo på Stord. Me er ein inkluderande og trygg møteplass der barn si leik, utvikling og trivsel står i sentrum. Me jobbar etter FUS sine satsingsområde, med særleg fokus på leikande læring, språk, relasjonar og livsmeistring. Barnehagen tilbyr eit rikt og variert kvardagsliv, med eigen kokk, tilgang til minibuss og båt, og gode naturopplevingar. Me har eit tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, og samarbeider med dei om utvikling av prosjektarbeid knytt til nærmiljøet og estetiske fag. No søkjer me ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling som vil vere med å styrkje laget vårt. Oppstart 01.08.2026. Søknadsfrist 25.juni 2026. Det vert kalla inn til intervju fortløpande.
Me tilbyr:
Arbeidsoppgåver:
Me ønskjer at du:
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.
Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.