Du må ha:
Vi ønskjer at du har:
Fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 630 000 - 725 000, avhengig av utdanningsnivå og relevante erfaring.
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret.
Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar.
Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar.
SFK er organisert i tre einingar, kvar leia av ein einingsleiar. Stillinga som rådgjevar anskaffing høyrer til
eining for logistikk og materiell (LOM). Dei andre einingane har ansvar for kompetanse og tenestepliktforvaltning, samt administrasjon og leirdrift. Kontorstad er Starum, Innlandet. Det er forventa at tilsette ved eining for logistikk og materiell som hovudregel er fysisk til stades på kontoret, utanom tenestereiser. Sivilforsvaret er ein uniformert beredskapsetat. I særskilde tilfelle kan det bli nødvendig å setje beredskapsvakt, med krav om oppmøte på Starum innan om lag éin time.Som
rådgjevar anskaffing er du Sivilforsvaret sin fagressurs innan anskaffingsfaget. Vi ser etter deg som er nysgjerrig på samanheng mellom behovsvurderingar, gode innkjøp, digitale verktøy og beredskap. Du trivst med saksbehandling, anskaffings- og kontraktsforvaltning, og har god forståing for bruk av digitale verktøy. Samstundes er du trygg i samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. Du må vere sjølvstendig og strukturert, og kunne handtere eit breitt spekter av oppgåver og fleire prosessar samstundes, utan at det går utover kvalitet i saksbehandlinga.Som rådgjevar anskaffing vil du ha ansvar for å leie, koordinere og støtte andre rådgjevarar i sentrale anskaffingsprosessar. Du vil samarbeide tett med rådgjevar logistikk om det digitale materiellforvaltningssystemet, og vere makker med rådgjevar varsling. I tillegg får du ansvar for eiga avtale- og materiellportefølje innan kategorien fellestenester, og vil utføre materiellrådgjevaroppgåver på lik linje med øvrige rådgjevarar i eininga.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på
www.dsb.no/sikkerhet-i-dsbI Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten:
https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reiseDet vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på
www.dsb.no/rekrutteringsprosessenE-post: ingunn.mehlum@dsb.noTelefon: 61 14 10 18
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB og oversikt over ledige stillinger på
www.dsb.no/jobb.Velkomen som søkjar hos oss!