Om stillinga
Vi har ledig 50 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt ved Ostereidet omsorgsbustad pluss. Med årsturnus og arbeid i snitt kvar tredje helg får du gode moglegheiter til å planleggje balansen mellom arbeid og fritid.
Om avdelinga
Ostereidet omsorgsbustad pluss består av 28 leiligheter med fast bemanning heile døgnet.
Bebuarane som bur her har ulike behov for oppfølgning.
Avdelinga jobbar tett saman med heimetenesta som har lokale i samme bygg. Vi prøver ut "sjukepleiar på topp" slik at ein som sjukepleiar har ansvar for sjukepleiaroppgaver for brukarar i omsorgsbustadane og heimebuande.
Hos oss blir du del av eit breitt fagmiljø med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, reinhaldspersonale og kjøkkenpersonale, i tillegg til lærlingar og praksiskandidatar. På natt er det to tilsette på jobb så du vil alltid arbeide med andre.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp
- Vurdere og følgje opp den enkelte bebuar sine behov
- Bidra til tryggleik og ro for bebuarane gjennom natta
- Samarbeide med kollegaer og andre fagpersonar
Kompetanse
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2– test
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er glad i menneske. Du blir motivert av å jobbe med menneske og bruke faget til beste for tenestemottakar.
- Er ei nattugle. Du trivst med nattarbeid og held fokus oppe.
- Er sjølvstendig. Du tek ansvar og finn gode løysingar.
- Er fagleg sterk. Du held roen i akutte situasjonar og prioriterer godt.
- Er positiv. Du bidreg til godt humør blant kollegaer og brukarar.
- Er ein lagspelar. Du bidreg til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer.
- Er villig til å lære opp og dele kompetanse med kollegaer, studentar og lærlingar.
- Er framtidsretta. Du er open for nye arbeidsmåtar og digitale løysingar.
Vi tilbyr
- Kollegaer med høg fagleg kompetanse
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Gratis parkering
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Løn i samsvar med ansiennitet: 452 500 - 528 300
- God pensjonsordning gjennom KLP
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.