Då vår diakon har fått innvilga eitt års permisjon, lyser me no ut 50% vikariat i denne perioden.
Kvalifikasjonar
har utdanning i samsvar med tenesteordning for diakonar. Dersom det ikkje er søkjararar som oppfyller kvalifikasjonskrava, vil søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning bli vurderte.
kan arbeida sjølvstendig og i team
har gode samarbeidsevner og evne til å byggja relasjonar
har sertifikat og disponerer bil
Særskilte krav
medlem i Den norske kyrkja
politiattest jfr. Trossamfunnsloven §20
Diakonen leiar kyrkjelydane sitt diakonale arbeid og skal arbeida for å fremja medmenneskeleg omsorg og fellesskapsbyggjande arbeid.
Hovudoppgåver vil vera:
Besøksteneste i heimar og institusjonar
Andaktar
Musikksamlingar (saman med organist)
Oppretthalde samarbeid med diakoniutvalet om ulike tiltak og prosjekt
Oppretthalde samarbeid med kommunale instansar
Noko administrative oppgåver
ein sjølvstendig og variert jobb der ein møter mange menneske i ulike livsfasar
fleksibel arbeidstid
kontorfellesskap på kyrkjekontoret
Pensjonsordning i KLP
løn etter KA sitt regulativ
I fellesrådsområdet (Suldal kommune) er det 4 sokn, 4 kyrkjer og to kapell. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret, Sand, og i staben er det to sokneprestar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjeverje.
Suldal kommune ligg nordaust i Rogaland, og det bur i underkant av 4000 personar i kommunen. Vakker og variert natur som strekkjer seg frå fjord til høgfjell gir gode forhold for friluftsliv heile året. Det er godt barnehage-, skule- og kulturtilbod i kommunen