Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: Brnevern, Helsestasjon, PPT, avdeling for Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak Barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.
Ved helsestasjonstenesta i Kvinnherad er det ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta for snarleg tilsetting.
Skulehelsetenesta arbeidar målretta for å styrke barn og unge si helse, trivsel og meistring, gjennom å støtte deira utvikling og oppvekstmiljø.
Skule- og helsestasjonstenesta i Kvinnherad har for tida 9.5 helsesjukepleiarstillingar, i tillegg 2,2 jordmorstillingar knytt til helsestasjonen.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
Utdanningskrav: Offentleg godkjent helsesjukepleiar og/eller fullført master i helsesjukepleie.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte helsesjukepleiarar kan helsesjukepleiarstudentar og sjukepleiarar med arbeidserfaring frå helsestasjon og/eller skulehelseteneste bli vurdert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing;
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herKvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.