Enten du er nyutdanna eller har erfaring fra sjukehus eller andre arbeidsstader, søker vi deg!
Vi har ledig 50 % fast nattevaktstilling, med oppstart 07.07.2026.
Stillinga inneber arbeid som nattevakt, med moglegheit for langvakter kvar 3. eller 4. helg.
Om avdelinga
Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.
Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosar, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal videre til andre sykehus.
På avdelinga har vi fokus på fag og tilbyr jamleg simuleringstrening og undervisning. Vi er òg opptekne av å ta vare på eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Om Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu, med gode barnehage- og skuletilbod samt eit rikt fritids- og kulturtilbod. Det er òg kort veg til flyplass.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5122264981
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.