Om Bjorhaug
Bjorhaug barnehage starta opp 18 mai 2009 i Gudmestadvegen 24 og ligg sentralt til på Nærbø. Barnehagen har tre avdelingar.
Bjorhaug barnehage har ledig eit 40 % vikariat som barnehagelærar i perioden 14.08.2026 – 30.06.2027.
Vi søker
Personar som er positive, samarbeidsvillige, entusiastiske og som liker å arbeide med barn i ein fantastisk barnehagekvardag. Ein som er genuint interessert i kontakt med barna på deira premisser, setter leiken høgt og har god kompetanse på relasjonar.
Du må ha evne til å være med og skape ein god og utviklande kvardag for barna.
Krav til kompetanse
Barnehagelærarutdanning, eller under påbegynt utdanning på denne.
Erfaring og personlege eigenskapar vil vektleggast.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål,
i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema:
Søk her